Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2012

13.09.2012 Foreløpige produksjonstal i august 2012 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på 1 836 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 45 000 fat per dag samanlikna med juli 2012.

Det totale gassalet var 8,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,8 GSm3 lågare  enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i august  fordeler seg slik: 1 506 000 fat olje, 265 000 fat NGL og 64 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligg noko under OD sin prognose for august (3 prosent).Årsaken er  vedlikehaldsarbeid og revisjonsstans på Glitne, Snorre, Tordis og Åsgard. Valhall og Hod har vært stengde i heile august for å førebu produksjonsstart for ny plattform. Produksjonen er ca 0,5 prosent under prognosen så langt i 2012.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Så langt i 2012 er den totale petroleumsproduksjonen om lag 154,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er 61,8 MSm3 o.e olje, om lag om lag 15,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 76,9 MSm3 o.e. gass . Total volumet er 9,3 MSm3 o.e. høgare enn i same periode 2011.  

Endelege produksjonstal for juli 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,500 millionar fat olje, 0,380 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,0 GSm3 gass for sal.

Foreløpige produksjonstal for september blir publisert i oktober 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013