Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Desember 2012

16.01.2013 Foreløpige produksjonstal i desember 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 867 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 59 000 fat per dag samanlikna med november.

Det totale gassalet var 11,0 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,0 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 483 000 fat olje, 309 000 fat NGL og 75 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligger 13 prosent under OD sin prognose for desember. Årsakene er mellom anna planlagt vedlikehaldsarbeid og tekniske problem på Morvin, Njord, Tordis, Visund Sør og Åsgard. Valhall og Hod har vore stengde i heile desember for å førebu produksjonsstart for ny plattform. I tillegg skulle Yme og Skarv etter prognosen ha bidrege til produksjon i desember, men desse felta vil ikkje medverka til at OD når sin prognose for 2012.

Oljeproduksjonen ligg om lag 5,0 prosent under prognosen for 2012.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

For året 2012 er den totale petroleumsproduksjonen om lag 226,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er 89,2 MSm3 o.e olje, om lag om lag 22,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 114,8 MSm3 o.e. gass . Totalvolumet er 6,3 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for november 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,441 millionar fat olje, 0,367 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,0 GSm3 gass for sal.

Foreløpige produksjonstal for januar blir publiserte i februar 2013.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 24.01.2013