Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2012

14.03.2012 Førebels produksjonstal i februar 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 082 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 26 000 fat samanlikna med januar 2012.

Det totale gass salet var 10,7 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,5 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

 Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 657 000 fat olje, 337 000 fat NGL og 88 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Alvheim, Balder, Grane, Njord, Snorre og Åsgard har redusert produksjon i februar på grunn av diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er likevel litt over OD sin prognose for februar.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 41,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 15,9 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 4,1 MSm3 o.e, sal av gass om lag 21,9 MSm3 o.e.. Total volumet er 1,5 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for januar 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,677 millionar fat olje, 0,430 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,2 GSm3 gass for sal. Gassalet er det høgaste til nå på norsk sokkel.

 

Salg av gass fra norsk sokkel per måned fra jan. 2000 til feb. 2012

Salg av gass fra norsk sokkel per måned fra jan. 2000 til feb. 2012

 

Førebels produksjonstal for mars blir publisert i april 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013