Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2012

14.02.2012 Førebels produksjonstal i januar 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 037 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 14 000 fat samanlikna med desember 2011.

Det totale gass salet var 11,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

 Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf


Væskeproduksjonen i januar  fordeler seg slik: 1 681 000 fat olje, 276 000 fat NGL og 80 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Eldfisk, Gullfaks Sør, Oseberg Øst, Njord, Snorre og Åsgard har redusert produksjon i januar på grunn av diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er  litt over OD sin prognose for 2012.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf


Den totale petroleumsproduksjonen i januar 2012 er om lag 21,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 8,3 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 1,7 MSm3 o.e,  sal av gass om lag 11,2 MSm3 o.e. Total volumet er 0,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for desember 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,665 millionar fat olje, 0,386 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for februar blir publisert i mars 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013