Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2012

17.08.2012 Førebels produksjonstal i juli 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 857 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er det same som i juni 2012.

Det totale gassalet var 9,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSm3 meir  enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i juli  fordeler seg slik: 1 481 000 fat olje, 303 000 fat NGL og 72 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligg noko under OD sin prognose for juli (5%), dette skuldast i hovudsak at felt der det var streik ikkje kom i produksjon før 11 juli. Produksjonen er ca 0,5 prosent under prognosen så langt i 2012.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 136,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.), om lag 54,3 MSm3 o.e olje, om lag om lag 13,7 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 68,8 MSm3 o.e. gass . Total volumet er 9,8 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for juni 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,491 millionar fat olje, 0,368 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,5 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for august blir publisert i september 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013