Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2012

13.07.2012 Førebels produksjonstal for første halvår 2012 er 8 prosent høgare enn i same periode i 2011. Det er produsert 19 prosent meir gass og 17 prosent meir NGL og kondensat, mens oljeproduksjonen er 5 prosent lågare så langt i 2012 samanlikna med fjoråret.

Det blei sett i gang produksjon på fire felt i første halvår 2012, frå gassfeltet Marulk i Norskehavet, der Eni er operatør, frå Gaupe, som er eit gass/oljefelt i Nordsjøen der BG Norge er operatør, olje- og gassfeltet Oselvar i Nordsjøen, der Dong er operatør og Islay, eit gassfelt i Nordsjøen på grensa mot britisk sokkel, der Total er operatør.

Førebels produksjonstal i juni 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1, 862 millionar fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 163 000 fat per dag (om lag 8 prosent) samanlikna med mai 2012. Det totale gassalet var 8,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er 0,3 GSm3 lågare enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Væskeproduksjonen i juni  fordeler seg slik: 1,502 millionar fat olje, 279 000 fat NGL og 81 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligg noko under OD sin prognose for juni og om lag 0,5 prosent over prognosen så langt i 2012.

På grunn av  streik på norsk sokkel blei Heidrun, Oseberg, Oseberg Sør og Oseberg Øst stengde den 25. juni og Brage, Huldra, Oseberg C og Veslefrikk den 27. juni.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 118,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.), om lag 47,0 MSm3 o.e olje, om lag om lag 11,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 59,7 MSm3 o.e. gass . Total volumet er 9,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for mai 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,634 millionar fat olje, 0,390 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,9 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for juli blir publisert i august 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 25.01.2013