Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mai 2012

13.06.2012 Førebels produksjonstal i mai 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 007 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 52 000 fat per dag (ca 2,5 prosent) samanlikna med april 2012.

Det totale gassalet var 8,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,5 GSm3 lågare enn månaden før.


Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mai  fordeler seg slik: 1 631 000 fat olje, 307 000 fat NGL og 68 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligg noko over OD sin prognose for mai og ca 2 prosent over prognosen så langt i 2012.

”Produksjonsutviklinga på norsk sokkel er bra, og det er positivt at vi produserer meir olje enn prognosert. Sjølv om det er  store variasjonar og nokre prosjekt ikkje kjem i produksjon som planlagt, viser dette at mange felt i drift produserer godt. Saman med det høge gassalet i første del av året er dette svært positivt, ” seier Jan Bygdevoll, direktør for prognoser i OD.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 101,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.), om lag 39,8 MSm3 o.e olje, om lag om lag 10,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 51,2 MSm3 o.e. gass. Total volumet er 7,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for april 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,646 millionar fat olje, 0,413 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,4 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for juni blir publisert i juli 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

 

Oppdatert: 25.01.2013