Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2012

13.04.2012 Førebels produksjonstal i mars 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 055 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 46 000 fat samanlikna med februar 2012.

Det totale gass salet var 11,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,4 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012 

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Væskeproduksjonen i mars  fordeler seg slik: 1 631 000 fat olje, 341 000 fat NGL og 84 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Grane har redusert produksjon i mars på grunn av lekkasje i kjøler på høytrykkskompressor, Tordis på grunn av pigging. Balder, Njord, Norne, Snorre og Åsgard har redusert produksjon i mars på grunn av diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er likevel over OD sin prognose for mars.

 

Væskeprodusjon 2012

 Væskeprodusjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 63,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 24,0 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 6,2 MSm3 o.e,  sal av gass om lag 32,9 MSm3 o.e. . Total volumet er 2,3 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for februar 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,666 millionar fat olje, 0,425 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,7 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for april blir publisert i mai 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013