Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2012

14.12.2012 Førebels produksjonstal i november 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 767 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 63 000 fat per dag samanlikna med oktober.

Det totale gassalet var 10,0 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er same som månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 443 000 fat olje, 250 000 fat NGL og 74 000 fat kondensat gjennomsnittleg per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligger 15 prosent under OD sin prognose for november. Årsakene er mellom anna planlagt vedlikehaldsarbeid og tekniske problem på Gjøa, Njord, Troll og Åsgard. Valhall og Hod har vore stengde i heile november for å førebu produksjonsstart for ny plattform, Ula, Tambar og Oselvar har vore stengde det meste av november pga hydrokarbonlekkasje på Ula. I tillegg skulle Yme og Skarv etter prognosen ha bidrege til produksjon i november, men desse felta kjem ikkje til å medverka til at OD når sin prognose for 2012, sjølv om Skarv etter planen skal komme i produksjon i desember. Visund Sør begynte å produsere i slutten av november.

Oljeproduksjonen ligg om lag 4,0 prosent under prognosen så langt i 2012.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Så langt i 2012 er den totale petroleumsproduksjonen om lag 205,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er 81,9 MSm3 o.e olje, om lag om lag 20,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 103,8 MSm3 o.e. gass. Totalvolumet er 6,6 MSm3 o.e. høgare enn i same periode 2011. 

Endelege produksjonstal for oktober 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,482 millionar fat olje, 0,348 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,0 GSm3 gass for sal.

Foreløpige produksjonstal for desember blir publiserte i januar 2013.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 24.01.2013