Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2012

13.11.2012 Foreløpige produksjonstal i oktober 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 805 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 287 000 fat per dag samanlikna med september.

Det totale gassalet var 10,0 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 3,0 GSmmeir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 472 000 fat olje, 255 000 fat NGL og 77 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel er auka sidan september og er på same nivå som i sommar, men den 12 prosent under OD sin prognose for oktober. Årsakene er mellom anna planlagt vedlikehaldsarbeid og tekniske problemer på fleire felt. Valhall og Hod har vore stengde i heile oktober for å førebu produksjonsstart for ny plattform. Ula, Tambar og Oselvar har vore stengde i heile oktober pga hydrokarbonlekkasje på Ula. I tillegg skulle Yme og Skarv etter prognosen ha bidratt til produksjon i oktober, men desse felta vil ikkje bidra til å nå OD sin prognose for 2012, sjølv om Skarv etter planen skal komme i produksjon i desember.

Oljeproduksjonen ligg om lag 3,0 prosent under prognosen så langt i 2012. Prognosen for resten av året er relativt høg, så det kan bli krevjande å treffe prognosen for oljeproduksjon i 2012, seier Jan Bygdevoll, direktør for prognoser i OD.

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Så langt i 2012 er den totale petroleumsproduksjonen om lag 187,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er 75,0 MSm3 o.e olje, om lag om lag 18,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 93,8 MSm3 o.e. gass. Totalvolumet er 7,4 MSm3 o.e. høgare enn i same periode 2011. 

Endelege produksjonstal for september 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,245 millionar fat olje, 0,272 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,0 GSm3 gass for sal.

Foreløpige produksjonstal for november blir publiserte i desember 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013