Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2013

15.05.2013 Foreløpige produksjonstal i april 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 868 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 54 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med mars 2013.

Det totale gass salet var 9,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,4 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 503 000 fat olje, 300 000 fat NGL og 64 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oseberg, Skarv, Skuld, Troll og Valhall har redusert produksjon i april på grunn av diverse tekniske problem. Snøhvit har vært stengt i perioden 1-27 april på grunn av reparasjonsarbeid på Melkøya. Glitne er permanent nedstengt siden februar.

Oljeproduksjonen er ca 1,2 prosent under OD sin prognose så langt i 2013.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 73,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) så langt i 2013. Av dette er om lag 28,0 MSm3 o.e olje, om lag 7,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 37,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 3,8 MSm3 o.e. (ca. 12 prosent) lågare enn i 2012.

Endelege produksjonstal for mars 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,451 millionar fat olje, 0,363 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,5 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 15.05.2013