Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2013

11.09.2013 Førebels produksjonstal i august 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 819 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 165 000 fat per dag (ca. 8 prosent) samanlikna med juli 2013. Det totale gassalet var 7,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,9 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 478 000 fat olje, 273 000 fat NGL og 68 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Alvheim, Gaupe, Hyme, Njord, Troll A, Vilje og Volund hadde redusert produksjon i august på grunn av planlagt vedlikehald.

Så langt i 2013 er oljeproduksjonen ca. 0,3 prosent høgare enn OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2013 er om lag 143,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 56,9 MSm3 o.e olje, om lag 14,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 71,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,9 MSm3 o.e. (ca. 8 prosent) lågare enn i 2012.

Endelege produksjonstal for juli 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,578 millionar fat olje, 0,406 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,2 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 11.09.2013