Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2013

14.03.2013 Foreløpige produksjonstal i februar 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 789 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 88 000 fat per dag (ca. 5 prosent) samanlikna med januar 2013.

Det totale gass salet var 8,8 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,7 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 441 000 fat olje, 286 000 fat NGL og 61 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oseberg, Skarv, Troll og Valhall har redusert produksjon i februar på grunn av diverse tekniske problem.  Grane har hatt redusert produksjon i en uke på grunn av vedlikeholdsarbeid

Oljeproduksjonen er ca 0,5 prosent under OD sin prognose så langt i 2013.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013


Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 36,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) så langt i 2013. Av dette er om lag 13,7 MSm3 o.e olje, om lag 3,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 19,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,4 MSm3 o.e. lågare enn i 2012. 

Endelege produksjonstal for januar 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,484 millionar fat olje, 0,392 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.03.2013