Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2013

13.02.2013 Foreløpige produksjonstal i januar 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 853 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 46 000 fat per dag samanlikna med desember 2012.

Det totale gass salet var 10,5 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,4 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 473 000 fat olje, 307 000 fat NGL og 72 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Hod, Oseberg, Troll og Vigdis har redusert produksjon i januar på grunn av diverse tekniske problem. Valhall starta produksjonen igjen den 26. januar etter ½ års nedstenging, og produksjonen på Skarv starta opp ved årsskiftet.

Oljeproduksjonen er  ca 1 prosent over OD sin prognose for januar 2013.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag19,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) i januar. Av dette er om lag 7,3 MSm3 o.e olje, om lag 1,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 10,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,7 MSm3 o.e. lågare enn i 2012.  

Endelege produksjonstal for desember 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,484 millionar fat olje, 0,415 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,9 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 13.02.2013