Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2013

14.08.2013 Foreløpige produksjonstal i juli 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 959 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 251 000 fat per dag (ca. 15 prosent) samanlikna med juni 2013. Det totale gassalet var 9,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 576 000 fat olje, 311 000 fat NGL og 72 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oseberg, Skuld, Ula, Valhall og Vigdis hadde redusert produksjon i juli på grunn av ulike tekniske problem. Men på grunn av at fleire felt produserer godt, var oljeproduksjonen i juli den høgaste sidan mai 2012, og så langt i 2013 er oljeproduksjonen ca. 0,5 prosent under OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2013 er om lag 127,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 49,5 MSm3 o.e olje, om lag 13,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 64,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,8 MSm3 o.e. (ca. 9 prosent) lågare enn i 2012.

Endelege produksjonstal for juni 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,321 millionar fat olje, 0,387 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,3 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.08.2013