Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2013

10.07.2013 Foreløpige produksjonstal i juni 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 684 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 215 000 fat per dag (ca. 11 prosent) samanlikna med mai 2013. Det totale gassalet var 8,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,5 GSm3 mindre enn månaden før. 

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 317 000 fat olje, 297 000 fat NGL og 69 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Felter i Ekofisk området var nedstengt i ca 3 uker i juni på grunn av planlagt vedlikeholdsarbeid. Skarv, Skuld, Trym, Oseberg, Oseberg Sør og Vigdis hadde redusert produksjon i juni på grunn av ulike tekniske problemer.

Oljeproduksjonen så langt i 2013 er ca. 2 prosent under OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 107,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) så langt i 2013. Av dette er om lag 41,8 MSm3 o.e olje, om lag 10,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 55,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 5,2 MSm3 o.e. (ca. 11 prosent) lågare enn 2012.  

Endelege produksjonstal for mai 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,511 millionar fat olje, 0,388 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,9 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 10.07.2013