Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mai 2013

13.06.2013 Foreløpige produksjonstal i mai 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 870 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 14 000 fat per dag (ca. 0,7 prosent) samanlikna med april 2013.

Det totale gassalet var 9,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er det same som månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 495 000 fat olje, 307 000 fat NGL og 68 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Skarv, Skuld, Trym og Valhall har redusert produksjon i mai på grunn av diverse tekniske problem. Jette feltet starta å produsere 20. mai.

Oljeproduksjonen så langt i 2013 er ca. 1,3 prosent under OD sin prognose.


Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013 - Last ned pdf 


Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013 - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 91,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) så langt i 2013. Av dette er om lag 35,4 MSm3 o.e olje, om lag 9,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 46,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,5 MSm3 o.e. (ca. 11 prosent) lågare enn i 2012.                     

Endelege produksjonstal for april 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,502 millionar fat olje, 0,381 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,1 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD: 
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

 

Oppdatert: 13.06.2013