Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2013

11.04.2013 Foreløpige produksjonstal i mars 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 789 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 22 000 fat per dag (ca. 1 prosent) samanlikna med februar 2013.

Det totale gass salet var 9,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,8 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 429 000 fat olje, 291 000 fat NGL og 69 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oseberg, Skarv, Snorre, Troll og Valhall har redusert produksjon i mars på grunn av diverse tekniske problem.  Snøhvit har vært stengt heile månaden på grunn av reparasjonsarbeid på Melkøya. Skuld starta produksjon i mars

Oljeproduksjonen er ca 2,0 prosent under OD sin prognose så langt i 2013.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon 2013 - Last ned pdf 

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon 2013 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 54,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) så langt i 2013. Av dette er om lag 20,8 MSm3 o.e olje, om lag 5,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 28,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 3,2 MSm3 o.e. (ca. 13 prosent) lågare enn i 2012. 

Endelege produksjonstal for februar 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,448 millionar fat olje, 0,363 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,8 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 11.04.2013