Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2013

13.12.2013 Førebels produksjonstal i november 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 904 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 150 000 fat per dag (ca. 8 prosent) samanlikna med oktober 2013.

Det totale gassalet var 9,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er det same som månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1  545 000 fat olje, 291 000 fat NGL og 68 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg likt med OD sin prognose for november og  7 prosent over produksjonen i november i fjor.

Heidrun, Skarv, Skuld og Valhall hadde redusert produksjon i november på grunn av tekniske problemer/reparasjonsarbeid.

Så langt i 2013 er oljeproduksjonen på nivå med OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 3013

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon - Last ned pdf 


Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2013 er om lag 195,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 77,3 MSm3 o.e olje, om lag 19,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 98,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,5 MSm3 o.e. (ca. 6 prosent) lågare enn i 2012.

Endelege produksjonstal for oktober 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,406 millionar fat olje, 0,349 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,4 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 13.12.2013