Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2013

15.11.2013 Førebels produksjonstal i oktober 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 751 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 175 000 fat per dag (ca. 11 prosent) samanlikna med september 2013.

Det totale gassalet var 9,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,6 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1  402 000 fat olje, 274 000 fat NGL og 75 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 9 prosent under OD sin prognose for oktober og  5 prosent under produksjonen i oktober i fjor.

Alve, Balder, Draugen, Fram, Heidrun, Kristin, Marulk, Norne, Skuld, Tordis, Tyrihans, Urd og Vigdis hadde redusert produksjon i oktober på grunn av planlagt vedlikehald/reparasjonsarbeid. Njord har vært nedstengt siden 27 juli og vil mest sannsynlig ikkje være i produksjon igjen før sommeren 2014, dette på grunn av forsterkning av plattform konstruksjonen.

Så langt i 2013 er oljeproduksjonen på nivå med OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2013 er om lag 177,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 70,3 MSm3 o.e olje, om lag 17,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 89,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,7 MSm3 o.e. (ca. 6 prosent) lågare enn i 2012.  

Endelege produksjonstal for september 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,314 millionar fat olje, 0,261 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,8 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 15.11.2013