Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2013

10.10.2013 Førebels produksjonstal i september 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 598 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 287 000 fat per dag (ca. 15 prosent) samanlikna med august 2013. Det totale gassalet var 7,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2013

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 325 000 fat olje, 202 000 fat NGL og 70 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg over OD sin prognose for september og også over produksjonen i september i fjor.

Draugen, Kristin, Norne, Skuld, Tordis, Tyrihans, Vigdis og Åsgard hadde redusert produksjon i september på grunn av planlagt vedlikehald.  Kårstø anlegget var også stengt i 3 uker på grunn av vedlikeholdsstans. Njord har vært nedstengt siden 27 juli og vil mest sannsynlig ikkje være i produksjon igjen før sommeren 2014, dette på grunn av forsterkning av plattform konstruksjonen.

Så langt i 2013 er oljeproduksjonen ca. 1,0 prosent høgare enn OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2013

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2013

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2013 er om lag 159,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 63,4 MSm3 o.e olje, om lag 16,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 79,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 4,2 MSm3 o.e. (ca. 6 prosent) lågare enn i 2012.  

Endelege produksjonstal for august 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,532 millionar fat olje, 0,360 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,3 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 10.10.2013