Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2014

13.05.2014 Førebels produksjonstal i april 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 918 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 30 000 fat per dag (ca. 1,5 prosent) samanlikna med mars 2014.

Det totale gassalet var 9,0 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,4 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1  526 000 fat olje, 315 000 fat NGL og 77 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 4 prosent over OD sin prognose for april og  2 prosent over produksjonen i april i fjor.

Skuld hadde redusert produksjon i april på grunn av tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen på nivå med OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 75,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 29,3 MSm3 o.e olje, om lag 7,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 38,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 1,3 MSm3 o.e. (ca. 5 prosent) høgare enn i 2013.

Endelege produksjonstal for mars 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,525 millionar fat olje, 0,422 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,4 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 13.05.2014