Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2014

16.09.2014 Førebels produksjonstal i august 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 842 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 79 000 fat per dag (ca. 4 prosent) samanlikna med juli 2014.

Det totale gassalet var 7,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1  485 000 fat olje, 301 000 fat NGL og 56 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 10 prosent over OD sin prognose for august og  1,0 prosent over produksjonen i august i fjor.

Fram, Skuld og Troll feltene hadde redusert produksjon i august på grunn av vedlikehold og tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 2 prosent over OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon 2014

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 141,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 57,2 MSm3 o.e olje, om lag 15,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 69,3 MSm3 o.e gas. Totalvolumet av olje er 0,4 MSm3 o.e. (ca. 1,0 prosent) høgare enn i 2013.

Endelege produksjonstal for juli 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,508 millionar fat olje, 0,412 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,0 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

 

Oppdatert: 16.09.2014