Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Desember 2014

16.01.2015 Førebels produksjonstal i desember 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 916 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 45 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med november 2014.

Det totale gassalet var 11,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3  meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 441 000 fat olje, 352 000 fat NGL og 123 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 6 prosent under OD sin prognose for desember og  7 prosent under produksjonen i desember i fjor.

Produksjonen frå Brynhild feltet starta i desember.

Balder, Draugen, Ekofisk, Fram, Fram H-Nord, Gullfaks Sør, Oseberg Sør, Skuld, Ula og Visund feltene hadde redusert produksjon i desember på grunn av tekniske problemer.

I 2014 var oljeproduksjonen ca. 1 prosent over OD sin prognose og ca. 1 prosent høgare enn i 2013.

 

Væskeproduksjon 2014


Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

 

Gassproduksjon 2014

 Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen i 2014 var om lag 218,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 85,9 MSm3 o.e olje, om lag 23,6 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 109,0 MSm3 o.e gas.

Endelege produksjonstal for november 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,488 millionar fat olje, 0,474 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,2 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 30.11.2015