Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2014

13.03.2014 Førebels produksjonstal i februar 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 931 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 34 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med januar 2014.

Det totale gassalet var 9,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1  546 000 fat olje, 311 000 fat NGL og 75 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg likt med OD sin prognose for februar og  7 prosent over produksjonen i februar i fjor.

Draugen, Gullfaks, Skirne, Visund og Volve hadde redusert produksjon i februar på grunn av tekniske problemer/reparasjonsarbeid.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen på nivå med OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 37,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 14,6 MSm3 o.e olje, om lag 3,7 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 19,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 0,9 MSm3 o.e. (ca. 6 prosent) høgare enn i 2013.  

Endelege produksjonstal for januar 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,562 millionar fat olje, 0,404 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,9 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 13.03.2014