Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2014

14.02.2014 Foreløpige produksjonstal i januar 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 948 000 fat olje, NGL og kondensat. Dette er om lag det same som desember 2013.

Det totale gass salet var 9,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,3 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 568 000 fat olje, 314 000 fat NGL og 65 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 6 prosent over produksjonen i januar i fjor.

Draugen, Ekofisk, Gullfaks og Skuld har redusert produksjon i januar på grunn av diverse tekniske problem.

Oljeproduksjonen er  ca. 2 prosent over OD sin prognose for januar 2014.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag19,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) i januar. Av dette er om lag 7,7 MSm3 o.e olje, om lag 1,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 9,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,3 MSm3 o.e. lågare enn i 2013.

Endelege produksjonstal for desember 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,547 millionar fat olje, 0,393 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,2 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.02.2014