Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2014

14.08.2014 Førebels produksjonstal i juli 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 935 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 153 000 fat per dag (ca. 8 prosent) samanlikna med juni 2014.

Det totale gassalet var 8,0 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSmmeir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 524 000 fat olje, 330 000 fat NGL og 81 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 2 prosent over OD sin prognose for juli og  3,5 prosent under produksjonen i juli i fjor.

Draugen, Skuld og Valhall feltene hadde redusert produksjon i juli på grunn av tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 1 prosent over OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 125,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 50,0 MSm3 o.e olje, om lag 13,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 62,0 MSm3 o.e gas. Totalvolumet av olje er 0,5 MSm3 o.e. (ca. 1,0 prosent) høgare enn i 2013.

Endelege produksjonstal for juni 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,392 millionar fat olje, 0,390 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,4 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.08.2014