Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2014

29.07.2014 Førebels produksjonstal i juni 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 744 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 100 000 fat per dag (ca. 6 prosent) samanlikna med mai 2014.

Det totale gassalet var 7,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 381 000 fat olje, 292 000 fat NGL og 71 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 5 prosent under OD sin prognose for juni og 1,5 prosent over produksjonen i juni i fjor.

Grane, Skuld, Vigdis, Visund, Trym og Snøhvit hadde redusert produksjon i juni på grunn av planlagt vedlikeholdsarbeid eller tekniske problemer.

Njord A startet å produsere 19 juli etter å ha gjennomført omfattende forsterkninger av plattformkonstruksjonen, plattformen har vært nedstengt siden juli 2013.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 1 prosent over OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 107,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 42,4 MSm3 o.e olje, om lag 11,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 54,0 MSm3 o.e gas. Totalvolumet av olje er 0,6 MSm3 o.e. (ca. 1,5 prosent) høgare enn i 2013. 

Endelege produksjonstal for mai 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,301 millionar fat olje, 0,344 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,1 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 29.07.2014