Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mai 2014

17.06.2014 Førebels produksjonstal i mai 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 665 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 282 000 fat per dag (ca. 14 prosent) samanlikna med april 2014.

Det totale gassalet var 8,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,8 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1  321 000 fat olje, 290 000 fat NGL og 55 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 5 prosent over OD sin prognose for mai og  13 prosent under produksjonen i mai i fjor.

Brage, Grane, Heidrun, Oseberg og Veslefrikk hadde redusert produksjon i mai på grunn av planlagt vedlikeholdsarbeid.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 2 prosent over OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 92,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 35,9 MSm3 o.e olje, om lag 9,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 46,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 0,4 MSm3 o.e. (ca. 1,0 prosent) høgare enn i 2013. 

Endelege produksjonstal for april 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,539 millionar fat olje, 0,408 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,0 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 17.06.2014