Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2014

11.04.2014 Førebels produksjonstal i mars 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 913 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 37 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med februar 2014.

Det totale gassalet var 10,5 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,3 GSmmeir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1  523 000 fat olje, 326 000 fat NGL og 63 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 1 prosent under OD sin prognose for mars og  6 prosent over produksjonen i mars i fjor.

Oseberg Sør, Skuld og Volve hadde redusert produksjon i mars på grunn av tekniske problemer/reparasjonsarbeid.

Gudrun feltet kom i produksjon 7 april.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen på nivå med OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 57,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 22,0 MSm3 o.e olje, om lag 5,7 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 29,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje er 1,2 MSm3 o.e. (ca. 6 prosent) høgare enn i 2013.  

Endelege produksjonstal for februar 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,539 millionar fat olje, 0,411 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,2 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 11.04.2014