Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2014

17.12.2014 Førebels produksjonstal i november 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 939 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 18 000 fat per dag (ca. 1 prosent) samanlikna med oktober 2014. Det totale gassalet var 10,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,3 GSmmindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 467 000 fat olje, 351 000 fat NGL og 121 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 5 prosent under OD sin prognose for november og  5 prosent under produksjonen i november i fjor.

Fram H-Nord, Gullfaks Sør, Oseberg Sør, Skarv, Skuld, Ula og Visund feltene hadde redusert produksjon i november på grunn av tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 1 prosent over OD sin prognose og ca. 2 prosent høgare enn i 2013.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 197,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 78,7 MSm3 o.e olje, om lag 21,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 98,0 MSm3 o.e gas.

Endelege produksjonstal for oktober 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,528 millionar fat olje, 0,430 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 17.12.2014