Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2014

14.11.2014 Førebels produksjonstal i oktober 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 949 000 fat olje, NGL og kondensat. 

Det er ein oppgang på 151 000 fat per dag (ca. 8 prosent) samanlikna med september 2014.

Det totale gassalet var 10,5 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 2,6 GSmmeir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 519 000 fat olje, 331 000 fat NGL og 100 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 1 prosent under OD sin prognose for oktober og  8 prosent over produksjonen i oktober i fjor.

Gaupe, Oseberg Sør, Skuld, Skarv, Tordis og Ula feltene hadde redusert produksjon i oktober på grunn av tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 1,5 prosent over OD sin prognose og ca. 2,5 prosent høgare enn i 2013.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 178,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 71,7 MSm3 o.e olje, om lag 19,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 87,7 MSm3 o.e gas.  

Endelege produksjonstal for september 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,438 millionar fat olje, 0,360 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,9 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.11.2014