Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2014

14.10.2014 Førebels produksjonstal i september 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 834 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 16 000 fat per dag (ca. 1 prosent) samanlikna med august 2014. Det totale gassalet var 7,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSmmeir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2014

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 472 000 fat olje, 285 000 fat NGL og 76 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 2,5 prosent over OD sin prognose for september og  10 prosent over produksjonen i september i fjor.

Alvheim, Draugen, Ekofisk, Oseberg Sør, Skuld, Svalin, Valhall, Vilje og Volund feltene hadde redusert produksjon i september på grunn av vedlikehold og tekniske problemer.

Så langt i 2014 er oljeproduksjonen ca. 2 prosent over OD sin prognose og ca. 2 prosent høgare enn i 2013.

 

Væskeproduksjon 2014

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

 

Gassproduksjon 2014

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2014 er om lag 158,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 64,3 MSm3 o.e olje, om lag 16,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 77,2 MSm3 o.e gas. 

Endelege produksjonstal for august 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,495 millionar fat olje, 0,355 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,3 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 15.10.2014