Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2015

19.05.2015 Foreløpige produksjonstal i april 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 963 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 9 000 fat per dag (ca. 0,4 prosent) samanlikna med mars 2015. Det totale gass salet var 7,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 2,9 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 584 000 fat olje, 330 000 fat NGL og 49 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 0,3 prosent over produksjonen i april i fjor.

Lavere gass sal i april skyldes vedlikeholdsstans på Kollsnes terminalen.

Oljeproduksjonen er  ca 5,6 prosent over OD sin prognose for april 2015.

Alle grafer i denne pressemelding er nå basert på daglige tall.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 76,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 29,7 MSm3 o.e olje, om lag 7,4 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 39,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,3 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for mars 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,548 millionar fat olje, 0,406 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,9 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016