Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2015

23.09.2015 Foreløpige produksjonstal i august 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 924 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 29 000 fat per dag (ca. 1,5 prosent) samanlikna med juli 2015.

Det totale gass salet var 9,7 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er det same som månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 559 000 fat olje, 323 000 fat NGL og 42 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 4,0 prosent over produksjonen i august i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 13,5 prosent over OD sin prognose for august 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf


Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 150,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 59,9 MSm3 o.e olje, om lag 14,8 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 75,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 8,4 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for juli 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,567 millionar fat olje, 0,386 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,7 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016