Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Desember 2015

15.01.2016 Foreløpige produksjonstal i desember 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 023 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 37 000 fat per dag (ca. 2,0 prosent) samanlikna med november 2015. Det totale gass salet var 11,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSm3  meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 609 000 fat olje, 367 000 fat NGL og 47 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 2,5 prosent over produksjonen i desember i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 5 prosent over OD sin prognose for desember 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen i 2015 var om lag 230,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 90,8 MSm3 o.e olje, om lag 22,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 117,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 11,7 MSm3 o.e. høgare enn i 2014.

Endelege produksjonstal for november 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,602 millionar fat olje, 0,384 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,6 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 15.01.2016