Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2015

20.02.2015 Foreløpige produksjonstal i januar 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 931 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 59 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med desember 2014.

Det totale gass salet var 10,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,6 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 542 000 fat olje, 344 000 fat NGL og 45 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 2 prosent under produksjonen i januar i fjor.

Draugen, Ekofisk, Valhall og Visund har redusert produksjon i januar på grunn av diverse tekniske problem.

Oljeproduksjonen er  ca 1 prosent over OD sin prognose for januar 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

 Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 19,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) i januar. Av dette er om lag 7,6 MSm3 o.e olje, om lag 1,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 10,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,2 MSm3 o.e. høgare enn i 2014.

Definisjon av salgsproduktet fra de eldre feltene som har levert kondensat til Kårstø er endret. I forbindelse med oppstart av produksjonen på Gudrun er salgsproduktet omdefinert til en olje (Gudrun blend).

Endelege produksjonstal for desember 2014 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,578 millionar fat olje, 0,412 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,9 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016