Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2015

17.04.2015 Foreløpige produksjonstal i mars 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 935 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 3 000 fat per dag (ca. 0,2 prosent) samanlikna med februar 2015. Det totale gass salet var 10,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 520 000 fat olje, 372 000 fat NGL og 43 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 0,5 prosent under produksjonen i mars i fjor.

Alvheim, Draugen, Grane og Gullfaks Sør har redusert produksjon i mars på grunn av diverse tekniske problem. Gudrun startet produksjon 24 mars etter å ha vært nedstengt siden 18 februar på grunn av gass lekkasje. Knarr feltet startet å produsere i mars.

Oljeproduksjonen er  ca 1,5 prosent over OD sin prognose for mars 2015.

Alle grafer i denne pressemelding er nå basert på daglige tall.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf


 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 58,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 22,0 MSm3 o.e olje, om lag 5,6 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 31,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,4 MSm3 o.e. høgare enn i 2014.

Endelege produksjonstal for februar 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,553 millionar fat olje, 0,379 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,0 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016