Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2015

18.12.2015 Foreløpige produksjonstal i november 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 993 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 29 000 fat per dag (ca. 1,5 prosent) samanlikna med oktober 2015. Det totale gass salet var 10,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,2 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 598 000 fat olje, 350 000 fat NGL og 45 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 3 prosent over produksjonen i november i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 4 prosent over OD sin prognose for november 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 209,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 82,9 MSm3 o.e olje, om lag 20,1 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 106,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 11,3 MSm3 o.e. høgare enn i 2014.

Etter ein gjennomgang av tala for oktober, viser det seg at avviket, samenlikna med foreløpige tal, er noe større denne månaden.

Endelege produksjonstal for oktober 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,640 millionar fat olje, 0,382 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,8 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016