Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2015

13.11.2015 Foreløpige produksjonstal i oktober 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 946 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 85 000 fat per dag (ca. 4,5 prosent) samanlikna med september 2015.

Det totale gass salet var 10,8 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,5 GSm3  meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 567 000 fat olje, 334 000 fat NGL og 44 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 0,5 prosent under produksjonen i oktober i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 2 prosent over OD sin prognose for oktober 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 188,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 74,9 MSm3 o.e olje, om lag 18,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 95,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 10,3 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for september 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,539 millionar fat olje, 0,322 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,3 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016