Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2015

14.10.2015 Foreløpige produksjonstal i september 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 864 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 58 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med august 2015.

Det totale gass salet var 9,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,3 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 543 000 fat olje, 279 000 fat NGL og 42 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 4,8 prosent over produksjonen i september i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 12,0 prosent over OD sin prognose for september 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf


Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 168,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 67,2 MSm3 o.e olje, om lag 16,3 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 84,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 10,0 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for august 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,556 millionar fat olje, 0,365 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,6 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.01.2016