Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2016

20.05.2016 Foreløpige produksjonstal i april 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 029 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 20 000 fat per dag (ca. 1 prosent) samanlikna med mars 2016.

Det totale gass salet var 10,5 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 625 000 fat olje, 374 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 4 prosent over produksjonen i april i fjor.

Oljeproduksjonen er ca. 3 prosent over OD sin prognose for april 2016.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 82,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 31,2 MSm3 o.e olje, om lag 7,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 43,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 6,6 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for mars 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,606 millionar fat olje, 0,403 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,2 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 20.05.2016