Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2016

20.09.2016 Foreløpige produksjonstal i august 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 929 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 202 000 fat per dag (ca. 9,5 prosent) samanlikna med juli. Det totale gass salet var 8,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 558 000 fat olje, 337 000 fat NGL og 33 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen er lik produksjonen i august i fjor og er ca. 9 prosent over OD sin prognose.

Produksjonen er mindre enn førre månad, men ikkje så låg som forventa blant anna sidan Kårstø var stengt for vedlikehald og produksjonen på Goliat blei stansa i slutten av månaden.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 155,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 62,1 MSm3 o.e olje, om lag 15,4 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 78,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,7 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for juli 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,735 millionar fat olje, 0,396 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,0 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 20.09.2016