Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2016

17.03.2016 Foreløpige produksjonstal i februar 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 050 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 12 000 fat per dag (ca. 0,5 prosent) samanlikna med januar 2016.

Det totale gass salet var 10,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,5 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 619 000 fat olje, 395 000 fat NGL og 37 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 9 prosent over produksjonen i februar i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 1,5 prosent over OD sin prognose for februar 2016.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2015

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 41,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 15,5 MSm3 o.e olje, om lag 4,0 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 21,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,9 MSm3 o.e. høgare enn i 2015.

Endelege produksjonstal for januar 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,625 millionar fat olje, 0,413 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,1 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 17.03.2016