Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2016

19.02.2016 Foreløpige produksjonstal i januar 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 037 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 9 000 fat per dag (ca. 0,5 prosent) samanlikna med desember 2015. Det totale gass salet var 11,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,1 GSm3  mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 627 000 fat olje, 378 000 fat NGL og 32 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 0,5 prosent under produksjonen i desember i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 2 prosent over OD sin prognose for januar 2016.

 

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 21,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) i januar. Av dette er om lag 8,0 MSm3 o.e olje, om lag 2,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 11,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,4 MSm3 o.e. høgare enn i januar 2015.

Endelege produksjonstal for desember 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,635 millionar fat olje, 0,412 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,2 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 23.02.2016