Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2016

16.08.2016 Foreløpige produksjonstal i juli 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 136 000 fat olje, NGL og kondensat.

Oljeproduksjonen er på 1 728 000 fat og det er den største oljeproduksjonen for ein månad på over fem år (mars 2011). Det totale gass salet var 9,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 728 000 fat olje, 375 000 fat NGL og 33 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen ligg ti prosent over produksjonen i juli i fjor og er ni prosent over OD sin prognose for juli 2016. Det er ein oppgang på 322 000 fat olje per dag (ca. 18 prosent) samanlikna med juni 2016. Det er vanleg med noe redusert produksjon i juni pga at noen felt ofte stenger for vedlikehald.

Årsakene til den høye produksjonen i juli er at mange felt produserer over forventning, og at Goliat nå bidrar betydelig og er den fjerde største oljeprodusenten denne månaden.

 

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016 

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 138,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 54,4 MSm3 o.e olje, om lag 13,6 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 70,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 7,3 MSm3 o.e. høgare enn på same tid i 2015.

Endelege produksjonstal for juni 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,449 millionar fat olje, 0,365 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,2 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 16.08.2016