Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2016

20.07.2016 Foreløpige produksjonstal i juni 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 820 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 140 000 fat per dag (ca. 7 prosent) samanlikna med mai 2016.

Det totale gass salet var 8,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,4 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016 

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 444 000 fat olje, 342 000 fat NGL og 34 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 8 prosent under produksjonen i juni i fjor.

Oljeproduksjonen er ca. 6 prosent over OD sin prognose for juni 2016.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 118,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 45,8 MSm3 o.e olje, om lag 11,6 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 61,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 7,0 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for mai 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,568 millionar fat olje, 0,392 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,6 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 20.07.2016