Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mai 2016

17.06.2016 Foreløpige produksjonstal i mai 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 944 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 87 000 fat per dag (ca. 4 prosent) samanlikna med april 2016. Det totale gass salet var 9,7 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 549 000 fat olje, 360 000 fat NGL og 35 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 2 prosent over produksjonen i mai i fjor.

Oljeproduksjonen er ca. 1,5 prosent over OD sin prognose for mai 2016.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 101,7millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 38,8 MSm3 o.e olje, om lag 9,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 53,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 7,8 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for april 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,634 millionar fat olje, 0,398 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,4 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 17.06.2016