Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2016

15.04.2016 Foreløpige produksjonstal i mars 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 012 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 51 000 fat per dag (ca. 2,5 prosent) samanlikna med februar 2016. Det totale gass salet var 11,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 594 000 fat olje, 382 000 fat NGL og 36 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 4 prosent over produksjonen i mars i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 0,5 prosent over OD sin prognose for mars 2016.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 62,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 23,4 MSm3 o.e olje, om lag 6,1 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 32,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 3,6 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for februar 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,626 millionar fat olje, 0,436 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 15.04.2016