Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2018

19.12.2018 Førebels produksjonstal i november 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 880 000 fat olje, NGL og kondensat. 

Det er ein oppgang på 22 000 fat per dag samanlikna med oktober.

Til saman blei det selt 10,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,3 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 500 000 fat olje, 351 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 4 prosent under OD sin prognose for november, og ca. 4,5 prosent under prognosen til nå i 2018.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i november er lågare enn venta er nedstengning på Sture og Kollsnes ifm fregattulykka og tekniske problem på nokre felt.

Produksjon november 2018

Produksjon november 2018

Oljeproduksjon 2018Oljeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018Væskeproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018Gassproduksjon 2018

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 209,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 78,8 MSm3 o.e olje, om lag 19,5 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 110,9 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 8,6 MSm3 o.e. lågare enn i  2017.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 13.03.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77